Bokmelding: "Dronen" av Tor Arve Røssland.

dronen.jpg

 

Årets bok skal vurderast av den mest kritiske av alle kritikarar: forfattaren sjølv!

To år har gått sidan forrige bok frå Tor Arve Røssland. Men han har ikkje lagt på latsida. Jobben som leiar for Norske barne- og ungdomsbokforfattere sitt litterære råd har teke mykje av tida. Likevel skriv han, og kjem no ut med boka Dronen. Ei spenningsbok om Thomas Andersen på fjorten år.

Thomas flyttar frå Bergen til ei ikkje namngiven bygd på Vestlandet, men forfattaren har avslørt at dette er basert på bygda han sjølv har flytta til, nemlig Os. Men han har teke seg store geografiske fridomar. Thomas blei overfalt i Bergen, av ein gjeng innvandrarungdommar, og har fæle mareritt om dette. Politiet henlegg saka, og Thomas mister trua på rettsstaten.

Han får ein drone til jul, og tar den med seg ut til Byveien. Der filmar han bilane, og plutseleg kjem det ein motorsykkel i full fart og kjører forbi ein varebil. Like bak kjem politiet. Ein møtande bil hamnar i grøfta og Thomas fanger det heile på film. Ikkje mange timane etter står først politiet på døra, men etterpå luskar også varebilen og motorsyklar rundt huset. Dronen har blitt observert.

Thomas hamnar i eit miljø av råkjørarar og får vere med dei ein kveld dei iscenesetter ein skikkeleg kjedekollisjon. Dei redigerer filmen og legg ut på nett, og reklamekronene strøymer inn. Nok til å gå videre med planen sin. Kva den planen er, har ikkje Røssland lyst at eg skal skrive i denne bokmeldinga.

Dei eldre ungdommane har også nyleg rekruttert Erik, som går i klassen til Thomas. Og saman får dei to ungdommane innblikk i eit ekstremt miljø. Spørsmålet er om dei kjem seg ut av dette miljøet før det er for seint. Leiaren i gjengen, den sympatiske og karismatiske Albert, blir god kompis med Thomas, og det er nettopp det at mange av karakterane er så sympatiske som gjer boka nokså ekkel. Det er vondt å lese at Albert mest sannsynleg har eit stort talent som musikar og låtskrivar, for så i neste augneblink innsjå at han kastar bort livet sitt på irrasjonelt hat - for Albert og kompisane er hardbarka nasjonalistar.

Nasjonalistar frå den verkelege verda er ofte samansveisa og lojale mot kvarandre. Dei er hundre prosent overtydd om at dei har rett, og at absolutt alle andre har feil. I så måte minner dei litt om fanatisk religiøse menneske. Men dei er likevel mennesker, og må tolkast og forståast som det. At dei i tillegg driv med råkjøring, motorsykkel og filming er på mange måtar tilfeldige, fortel Røssland. Det kunne like gjerne vore det lokale brytelaget, skyttarklubben eller tensing-koret. Råkjøringa er ein hobby, eller ein deltidsjobb. Nasjonalismen er livet.

Dronen er fortalt frå Thomas sin synsvinkel, og det er hans haldning til alt rundt som fargar både tankar og språk i denne boka. "Mange gonger tenkte eg på Alex i A Clockwork Orange under skrivinga," har Røssland sagt. "Den totale subjektivitet, der ingen andre får sleppe til. Thomas er, som Alex, på veg ned skråplanet, men ser ingenting gale med det. Eventuell moral og etikk må kome i møtet med lesaren sin personlege moral."

Nokon vil kanskje kalle språket rasistisk, mens andre vil seie at det ikkje går an å skrive om slike haldningar utan å bruke nettopp dei orda forfattaren har valt å bruke. Dersom ein og annan nasjonalist synest dette er ei fabelaktig bok å lese høgt frå ved sosiale samankomstar, så er jo dette trist og fælt. Men samstundes er den subjektive forteljaren eit effektivt virkemiddel dersom ein ynskjer å provosere. At nokon misforstår er prisen ein kanskje må betale.

Røssland har avslørt at han fekk frysningar nesten kvar gong han las det siste kapittelet i boka. Ikkje fordi det var så sabla godt skrive, men fordi haldninga det gjenspeglar gir han frysningar av frykt. Redsel for kva veg samfunnet vårt i er ferd med å gå.

Denne anmeldaren må seie seg einig. Dronen er ei bok som sit igjen lenge. At nazistar marsjerer i norske gater er med på å gjere tematikken i boka meir aktuell enn nokon gong. Dessverre. Ekstremismen og hatet blømer i kommentarfelta, og Røssland innrømmer at han ikkje trong leite lenge hos ymse Facebook-statsrådar for å finne sitat som fint kunne skrivast om til dialog mellom høgreekstreme nasjonalistar som utgjer persongalleriet i boka. "Researcharbeidet var i det heile tatt omfattande," sa Røssland. "Og det var grusomt å lese kva nasjonaslistar faktisk skriv på nettsidene sine. Ideologien, hatet og historiefornektinga som ligg til grunn er skremmande. Det var heller ikkje vanskeleg å finne døme der unge folk veldig raskt hadde blitt hjernevaska. I både den eine og den andre politiske retningen."

Dronen er spennande og medrivande, og det gjer vondt å sjå kva veg dette ser ut til å gå for Thomas og Erik. Men det er også ei truverdig framstilling av korleis ein ung person kan bli radikalisert dersom han kjem i kontakt med feil folk.

Utan tvil den beste Skumringboka Røssland har levert.