Idrettsglede?

Eit av dei spørsmåla eg oftast får når eg er ute på skulebesøk er: "Kva fotballag heier du på?"

Ja, det er heilt sant. Då har eg stått og snakka om bøkene mine i ein times tid, og nokre elevar lurer altså kva fotballag eg finn verdig å heie på. Det er kanskje eit kompliment, at fotball, som dei elskar høgare enn livet virkar det som, er noko eg skal spørjast om. Ikkje veit eg. Eg svarer som regel vagt, vil ikkje såre nokon, seier at eg ikkje er så interessert i fotball. Så går eg vidare til neste spørsmål.

Idrettsglede? Ja, ho ser skikkeleg happy ut

Men sanninga er ei heilt anna. Eg hater faktisk fotball, og eigentleg all sport. Det grensar mot avskyeleg i mine auge. "Idrettsglede" er etter mitt syn eit umogleg ord. Eg var ikkje alltid slik, under vinter-OL i Albertville i 1992 så følgde eg faktisk med. Såg på Bjørn Dæhlie & Co. som suste rundt på ski, eg følgde med på medaljeoversikta og skulka kanskje til og med nokre forelesingar på universitetet i Trondheim for å få med meg løpa. Men i dei to åra som gjekk mellom Albertville og Lillehammer forsvann absolutt alt av interesse.

Det kvalmande oppstyret som dukka opp før OL i Noreg var rett og slett ei endelaus rekkje med dråpar som fekk begeret til å flyte over. Etter det kan eg summere opp kva idrett eg har sett på ei hand:

Under Lillehammer OL hadde vi femmila på fjernsyn i bakgrunnen, sidan ein slektning av oss var til stades som publikum. Eg koste meg når Noreg tapte.

Eg såg tilfeldigvis Andreas Thorkildsen vinne eit OL-gull i spydkast. Det var litt kult, sidan han gjekk med strikkelue og ingen hadde forventa siger.

Vi var på ski-NM då vi budde i Trondheim, sidan ein slektning av kona mi skulle delta. Eg aner ikkje kven som vant, eller kva distanse vi såg. Det var kaldt og masse snø.

Eg såg tilfeldigvis Norge som slo Brasil i fotball-VM. (Eg såg halve kampen, men så såg eg halve kampen etterpå også, mot Italia, der Noreg tapte. Så dette blir vel éin kamp til saman).

Eg var heilt uforvarande på fotballkamp i London, der Arsenal slo Chelsea. Dette var ein sponsortur gjennom jobben eg hadde då. Eg ante ikkje at det var fotballkamp vi skulle på, men eg må innrømme at stemninga på Highburystadioen var ei oppleving. Sjølve kampen var gørrkjedeleg.

Eg zappa innom ein curlingfinale i OL, der ein nikotinprega gubbe med norsk drakt førte laget sitt til siger.

Det er det eg kjem på i farten, det er garantert ikkje mykje meir.

Kvifor dette hatet mot idrett? Eg har fundert mykje på det. Eg trur det er mange grunnar.

1. Eg likar ikkje konkurransar. Det betyr absolutt ingenting for meg om Noreg har dei beste handballspelarane i verda, eller kven som kan gå fortast på ski. Eg drit rett og slett i det. Men kvifor synest eg Oscarutdelinga er så fascinerande, då? Det er ikkje ein konkurranse på same måten. Det er ei heidring som vert gjort i ettertid, det er ingen som lager ein film for å vinne Oscar.

Dette med konkurranseinstinktet har eg grubla på i årevis. Kvifor er det så viktig for nokre av oss å "knuse" alle dei andre?

Det einaste eg misliker meir enn konkurranse er store idrettsarrangement. Då er det ikkje nok å konkurrere, store pengesummar skal kastast bort i tillegg. Vi ser gjennom fingrane med korrupsjon når tvilsomme regimer arrangerer OL. Det er greit at store idrettsanlegg tar livet av arbeidarane som bygger dei. Ein heil by skal stoppe opp fordi nokon skal sykle om kapp. Men det er likevel konkurranseinstinktet som plagar meg mest. At barn heilt frå dei er små skal lærast opp til å bli best i absolutt alt dei driv med. At det å vinne er viktigare enn alt anna.

2. Eg likar ikkje at idrettsfolk blir gjort om til gudar. At ein fyllekjørar framleis dukkar opp som grillmeister i ei stor butikkjede er kvalmande. Dei dopar seg og blir tilgitt. Dei har tydelegvis andre reglar enn oss. Dei får betre og raskare sjukehusbehandling for skader dei har påført seg gjennom toskete oppførsel. Norske skistjerner som dopar seg og blir tatt blir behandla med silkehanskar i media, medan utanlandske blir refsa.

"Blir du med på kino?"

Proffboksing er eit godt døme på det umoralske. Vi heier på folk som slår kvarandre helselause (og av og til i hel). Dei er dårlege forbilder. Men eg elskar Rocky-filmane. Ironisk og dobbeltmoralsk, skulle ein tru. Men eg diggar filmar om andre verdskrigen, også. Det betyr ikkje at eg ynskjer ein tredje verdskrig.

Og kvifor er det slik at noko som er ulovleg i det verkelege liv, er lovleg innan sport? Boksing er berre eitt døme, men sykling er nesten verre. Berre tenk på vegtrafikklova, som tydeleg seier at du skal halde minimun tre sekund avstand til dei som er framføre deg. Som syklist i vegbanen må du følgje dei same lovene som bilane, for å unngå skader ved rask nedbremsing. Syklistar sit nesten i fanget på kvarandre når dei raser rundt, og ikkje berre under lukka kappløp, også langs vanlege vegar med vanleg trafikk. Kvifor er dette greitt? Skadene kan jo vere enorme. Og som vitne til ei ulukke pliktar du å hjelpe dei skadde. Publikum tør ikkje gripe inn, og konkurentane suser av garde for vinne. Ja, ja, sjølvsagt har dei legar og følgebilar som hjelper til, men dei andre syklistane ofrar ikkje kollegaene sine ein tanke ein gong. "Glad det ikkje var meg!" tenkjer dei.

  Tresekundsregelen, anyone?

Tresekundsregelen, anyone?

3. Eg likar ikkje ordet folkefest. Det var noko av dette som gjorde oppkjøringa mot Lillehammer så ekkel. Alle gjekk visstnok rundt og gleda seg! Det slutta eg gradvis med. Til eg byrja grue meg. Den einaste gongen ordet var legitimt i bruk var 8. mai 1945. Alt anna blir nisjefestar (ikkje nisse) der nokre få slår kvarandre på brystet og tar ære for kva nokre overtrente muskelbuntar strevar med.

4. All merksemda idrett får i media er berre heilt latterleg. Det byrjar å gå rette vegen no, når sport forsvinn inn på betalingskanalar. Det er der dette høyrer heime. Men eg får ufrivillig med meg alt for mange uinteressante sportsresultat.

5. Eg misliker at barn og unge blir tvinga inn i dette. Dei kaller det idrettsglede og leik. Men målet er jo alltid å vinne, og ein ekte leik kan du pr. definisjon ikkje vinne. Det finnest heilt sikkert flinke trenarar og idrettsleiarar rundt om kring som tar vare på barna, dette seier eg fordi eg generelt trur godt om folk, men det finnest også dei som påtvingar og står og skråler langs sidelinja. Eg seier ikkje at alle er like flinke på banen uansett, for det er dei sjølvsagt ikkje. Eg var ein kloms i gymtimane. Men er du ikkje på banen i fotball, så er du liksom ikkje noko. Ja, eg er sosialist og likar ikkje at barn blir utestengt.

6. Tilbake til dette med konkurransar som eg sa i punkt 1. Men dette kan ikkje nemnast for ofte. Eg misliker at barn og unge blir opplært til å knuse andre. At det å vinne er det einaste viktige, at dette konkurranseinstinktet framleis skal vere så ektstemt dominerande. Saman med religion er det nettopp konkurranseinstinktet som skaper krig i verda. Det å alltid vere best, sjølv om du berre er eitt hundredel raskare enn nummer to. Kva med å betre seg sjølv som menneske? Kva med litt Star Trek-filosofi?

Eg meiner vi heller bør utvikle samarbeidsinstinktet til barna. Lære dei å arbeide mot eit felles mål, der det ikkje er noko poeng å vinne over andre for å nå dette målet. "Men konkurranse gjer at vi yter betre i alle yrker!" sier kritikarane mine. Det er berre fordi vi er så skakkøyrte i utgangspunktet, svarer eg. Vi er komne så langt i evolusjonen no, at vi kan legge bak oss steinaldermentaliteten som konkurranseinstinktet representerer. Vi treng å samarbeide om dei store problema i samfunnet; forrureining, rasisme og fattigdom. Dersom alle skal sitje på si tue og skrike "Eg er best!" så kjem vi ingen veg. Vi konkurrerer jo pokker meg om alt:

Min gud er betre enn din!

Eg kan ro fortare enn deg!

Presidenten min er tøffare enn din!

Integreringsministeren min er strengare enn din!

Eg kan selje fleire skillingsboller enn deg!

Plastikken eg kastar i havet er meir miljøvenleg enn din!

Dette usunne instinktet viser seg likevel best innan idretten. Dersom barn hadde fått lov til å sleppe å konkurrere i sport, og heller blitt oppmuntra til å drive med utøvande kunst i skulen, så hadde verda sett anleis ut. Kunst er ikkje for alle, men det er sanneleg ikkje idrett, heller. Men det finnest mange ting som kjem inn under feltet kunst: t.d. drama, teater, musikk, dans, film, litteratur, grafisk design, animasjon, teikning, klesdesign og sjølvsagt mykje meir. I tillegg er det ein haug med tekniske disiplinar som er knytta til utøvande kunst: lysdesign, foto, spesialeffektar og mykje meir.

Men å samarbeide kan du jo gjere på eit fotballag, seier du. Ja, men for å nå dette målet må du knuse alle dei andre laga. Dette gjer du ikkje om du lar ungane drive med musikk, teater eller kunst. I alle fall ikkje viss du gjer det rett. Det finnest dei som vel å konkurrere innan kunst, også, men til forskjell frå idretten så kan du fint fjerne konkurransen frå kunsten utan å miste noko. Å sykle om kapp blir meiningslaust dersom du fjerner medaljane til dei tre beste. Då blir det berre å sykle veldig fort, noko som i seg sjølv er kjekt nok, men det blir nok dårleg TV ut av det. Eller dårlegare TV.

7. Korrupsjonen vi ser i store meisterskap er heilt motbydeleg. Eg er så glad for at Noreg tapte kampen om eit nytt OL. Og desto meir deppa pga sykkel-VM i Bergen. Eg seier ikkje at arrangørane i Bergen er korrupte, men når Bybanespor blir asfaltert over, kvardagen blir gjort komplisert for tusenvis av folk, og pasientar får utsatt operasjonar fordi sykkelløypene hindrar folk i kome fram til sjukehuset - då har lobbyvirksomheten vore intens i lokalpolitikken. Men det blir jo så frisk luft i Bergen! Byen er jo bilfri! Dette blir seriøst brukt som argument for VM. Ein av Noregs mest forureina byar, og ein av dei dårlegaste på sykkelstiar, innbiller seg at etter VM skal alle sykle til jobb. Det er rett og slett latterleg og ikkje så reint lite skammeleg. I tillegg brukte dei alt for mykje pengar å byrja tigge i lokalavisa etter bidrag. Flaut!

Dette bildet frå Rio burde vere nok til å illustrere kontrastane. Eg fattar ikkje at deltakarane har moral og etikk til å vere med på noko slikt.

8. I tillegg kjem supportervald, skiløparsnørr, dårlege idrettssongar (med unntak av Shakira), menneskehandel og ein heil del andre ting.

Eg reknar ikkje med at mange er einige med meg i dette. Men eg blir ikkje imponert over at nokon spring uhorveleg fort, eller slår kvarandre i svime i bokseringen. Den form for viljestyrke dei har vist med å trene seg opp kunne dei brukt til noko anna. Bortkasta tid, i mine auge, å gå på ski fortare enn naboen. Med mindre zombie-apokalypsen kjem i romjula.

Eg blir imponert over ein god film, eller TV-serie, ei god bok, ei god plate eller eit fint maleri. Eit verk der ei gruppe (eller enkeltpersonar) har gjort noko vakkert som vi kan nyte. Noko om gir oss eit kunstnarisk kick som lever lenge i oss, og ikkje berre ei kortvarig glede over at alle dei vi ikkje heia på har tapt.

Men tilbake til spørsmålet "Kvifor er det så viktig for så mange å knuse alle motstandarar?" Her må vi nok ta psykologien til hjelp, og det gidd eg ikkje. Eg berre konstaterer at eg og mine disiplar har kome lenger i evolusjonen. Vi drit i kven som vinn i absolutt samtlege idrettsgreiner som er funne opp. Eg synest dyrkinga av idrettsheltar som gudar er umoralsk, store arrangement som VM og OL er uetiske og til sjuande og sist betyr det ingenting kven som vinn.

Sånn! No har eg brukt akkurat så mykje energi som idretten fortener at eg brukar. Eg går heller på kino.