Må du kjenne nokon i det litterære rådet for å få stipend?

Debatten om stipendtildelingane har ikkje gitt seg enno, spesielt i Den norske forfattarforeininga (Dnf) kan det sjå ut som om temperaturen er høg, etter at to tidlegare medlemmer av det litterære rådet blei tildelt fem-årige arbeidsstipend. Diskusjonen går på bloggar og på sosiale medier, og eg skal ikkje stille meg til dommar over kva som går føre seg i dei vaksne si verd. Heller ikkje den litterære kvaliteten skal eg seie noko om, sidan eg ikkje har tid til å lese noko særleg vaksenbøker.

Er stoda lik i Norske barne- og ungdomsbokforfattarar (NBU)? Der eg sjølv sit som leiar i det litterære rådet. Er det slik at du kan smiske med oss, gi oss godord og gåver, kome med romantiske og flørtande blikk under årsmøtemiddagen? Vil dette gi deg større sjanse for stipend? Eg trur eg kan snakke for alle rådsmedlemmene når eg seier blankt nei. Men går diskusjonen hos oss også? Blir det kviskra om under nachspiela etter årsmøtemiddagen? Det veit eg ikkje, eg håper ikkje det. For når vi seks rådsmedlemmer set oss ned og behandlar stipendsøknadane i slutten av januar kvart år, så er det resultatet av eit langt og heile tida pågåande vurderingsarbeid.

Vi les alle bøkene som kjem ut, og etter kvart opparbeider vi oss ein brei kunnskap om dei ulike forfattarskapa. Vi kan berre sitje i seks år som rådsmedlem, noko som er ein bakdel når det gjeld å ha kunnskap, men ein fordel når det gjeld maktfordeling. Men personleg synest eg at perioden nok kunne vore åtte år (dersom nokon orkar så lenge, for det er mykje lesing).

I tillegg vurderer vi alle søknadane som kjem inn. Både til NBU og til Staten. Vi les og noterer, og har sjølvsagt våre favorittar. Vi lager lister over kven vi aller helst vil gi pengar til, og så samanliknar vi listene og ser kven flest av oss likar. Etterpå går vi gjennom kvart einaste namn som har søkt, for å sjå om det er eit aktuelt forfattarskap å støtte. Vi er ofte veldig ueinige! Noko som gjer at samtlege rådsmedlemmer må svelgje temmeleg mange kamelar under stipendmøta. Slik er det berre. Det er ikkje eitt rådsmedlems personlege smak som skal bestemme. Heldigvis!

Nokre reagerer heilt sikkert på at tidlegare rådsmedlemmer og sitjande styremedlemmer får stipend. Og det er heilt naturleg å reagere på det. Eg har vore med å gi stipend til begge deler. Det er den litterære kvaliteten og kontinuiteten som avgjer om du får stipend eller ikkje. Og sjølvsagt innhaldet i søknaden. Det skal ikkje diskvalifisere deg at du har vore i rådet, og i alle fall ikkje i styret! Valkomiteen ville fått ein umogleg jobb å skaffe folk dersom potensielle kandidatar fekk beskjed om at dei kan berre gløyme stipend i lang tid etter teneste, berre fordi det "tar seg dårleg ut på papiret".

Vi som sit i rådet kjenner kvarandre sjølvsagt godt etter ei stund. Eg betraktar dei som mine vener og kollegaer. Det same med medlemmer av styret. Men dette er ikkje godt nok for stipend. Og Staten sine habilitetsreglar understreker nettopp dette. Ville eg ha vore forlovar i bryllaupet deira? Eller ville eg stilt som fadder for barna deira? Då måtte eg ha erklært meg sjølv innhabil. For så nært venskap må det faktisk vere. Situasjonen er ein annan når det er nær slekt (hos Staten definert som barn, søsken, foreldre og svoger/svigerinne). Då er det rett ut på gangen mens dei andre i rådet vurderer. Så langt har ikkje det inntruffe i mine fire år i rådet.

I tillegg finst det reglar dersom du sjølv står til å tene pengar på at ein litterær samarbeidspartner blir tildelt stipend. På dette er vi veldig nøye og samvitsfulle, og dersom diskusjonen kjem opp, så tar vi den på ramme alvor. Elles grip Staten inn. Så langt har ingen blitt gjort innhabile mens eg har sete i rådet.

Det er surt å ikkje få stipend, når mange andre får. Det er lett å bli bitter og vrang. Dette er ein umogleg kabal å få til å gå opp. Det er ikkje nok stipend til alle, sånn er det berre. Og eg har vanskeleg for å sjå ein annan modell som skulle fungere. Skal jobben bli overtatt av biblitekarar? Litteraturvitarar? Kritikarar? Byråkratar? Det litterære rådet har allereie oversikten og kunnskapen om forfattarskapa. Vi får betalt for å gjere dette. Ein sum tilsvarande eit halvt arbeidsstipend i året får vi i lesepengar, noko som er særdeles dårleg betalt med tanke på alle timane som går med. Det å la jobben bli gjort av andre som må tileigne seg denne kunnskapen er tullete, etter mitt syn.

Kritikarar? Dei skriv kanskje om fem prosent av bøkene som kjem ut.

Byråkratar i kulturrådet? Nei, takk.

Bibliotekararar? Kanskje. På sikt kan det kanskje kome ein engasjert barne- og ungdomsbokbibliotekar inn i rådet, som eit sjuande medlem, løna av kulturrådet eller biblioteksforeinga. Så raus skal eg vere. Eg ville ikkje hatt noko problem med det. Dei likar i alle fall å lese barne- og ungdomsbøker, og dei er våre beste vener der ute mellom oss og lesarane våre. Eg kunne til og med godtatt ein litteraturvitar innan barne- og ungdomslitteratur.

Men enn så lenge så er det for NBU i alle fall best å ha stoda slik den er no. Demokratisk valde rådsmedlemmer som sjølv er aktive forfattarar, og som veit kva det vil seie å vere eit skrivande menneske. Om det er noko hald i påstandane som har kome mot Den norske forfattarforeininga veit eg ikkje. Eg er ikkje medlem der. Men eg likar å tru at dei jobbar like samvitsfullt som oss i NBU. Men på ei anna side så har medlemmer meldt seg ut av Dnf i protest mot at dei ikkje fekk stipend. Pinleg, kallar eg slikt. Og overdramatisk.

Når forfattar Ellisiv Lindkvist skriv om årets stipendrunde: "Hvordan ser dette ut for min verste kritiker? Svaret ville vært at dette ser djevelsk dårlig ut. Det tar seg ikke godt ut i dagslys og det burde det litterære råd skjønne selv om de ser på litterær kvalitet. De burde tenke er dette pragmatisk, politisk og strategisk lurt?" Her trur eg faktisk Lindkvist gjer oss alle ei bjørneteneste. Vi må våge å ta debatten, seier konspirasjonsteoretikarane. Problemet er at våre verste kritikarar, kulturhatarar i Frp, og "folk flest" er ute etter oss. Vi som får pengar for å drive med hobbyen vår. Det er desse kunnskapslause hatarane vi burde bekymre oss for. Dei sit faktisk i regjering! Dersom dei får det som dei vil så får vi ingen stipendkroner å fordele, verken til tidlegare medlemmer av råd og styre, og slettes ikkje til overdramatiske forfattarar.

Lindkvist vil kjempe med nebb og klør for å behalde det litterære rådet, samtidig som ho bidrar til klagekoret. Må vere lov å ha to tankar i hovudet på ein gong, vi kan elske det litterære rådet, samstundes som vi kritiserer det. Ja, sjølvsagt kan vi multitaske. Problemet er at kulturhatarar og kunstnarfiendar ikkje meistrar noko av dette. Så langt har uroen rundt tildelinga blitt nevnt i Klassekampen og på Dagsnytt i NRK. Sjansen for at Frp har fått det med seg er heldigvis særs liten.

Har alt dette noko å seie for dei som er med i NBU? Sjølvsagt har det det. Dersom ei omstrukturering blir gjennomført, kjem det til å omfatte samtlege stipendkomitear. Vi kan risikere at stipenda blir fordelt av menneske som har ingen kunstfagleg bakgrunn. Litt synd at sutring og konspirasjonsteoriar i ei anna foreining skal kunne øydeleggje noko som fungerer veldig godt.