Mange fleire kunne fått stipend, men søkte på feil måte - igjen.

No er vi nok ein gong komen til den tida på året då kunstnarstipenda blir offentleggjort. Eg har sjølv i mange år sete spent og venta på om eg skulle få nokre kroner, og eg har vore heldig og fått. Eg hadde ikkje vore forfattar i dag utan.

No sit eg i andre enden, som leiar i Det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsbokforfattarar (NBU) og deler ut og innstiller, og i årets runde har det vore frustrasjon rundt søkjarmassen. Eg aner ikkje i kor mange anledningar eg har sagt, skrive og blogga: "Søk på alt! Kryss av i alle boksar!!" Og ikkje minst: "Søk både hos Staten og NBU!"

Du treng ikkje vere medlem i NBU for å søkje!

Likevel ser vi at nokre berre søkjer arbeidsstipend, eller kun statlege stipend. Nokre søkjer til og med kun diversestipend, når vi aller helst vil gi arbeidsstipend!

Hugs at det er NBUs litterære råd som avgjer både NBUs eigne stipend og Staten sine! Vi koordinerer og prioriterer så godt vi kan, men når enkelte søkjarar ikkje orka å fylle ut eit ekstra skjema hos Staten, då går det slik det må gå. Null kroner.

Søkjer du kun arbeidsstipend så risikerer du å miste ein stad mellom 25 000 - 120 000 (i årets tildeling). Sjølvsagt er det tungvint å søkje på alle dei statlege stipenda, men som sagt kan du risikere å miste store summar, berre fordi du ikkje brukte ti minutt ekstra på søknadsprosessen. 

Søkjer du kun diversestipend, fordi du trur du berre kan arbeide 50% ved sida av? Det er sant dersom du søkjer statleg stipend, men ikkje for NBU sine! Her kan du arbeide doble skift ved sida av, så lenge du leverer bøker også. Søk på det uansett! I verste fall må du seie nei takk, og då går stipendet til ein av reservekandidatane.

Men sjølv om du har søkt på alt og kryssa av i alle boksar, så er det dessverre slik at ikkje alle kan få. Skulle ynskje det ikkje var slik. Spesielt arbeidsstipenda er det få av, og dei er ettertrakta. Og ofte florerer konspirasjonsteoriane på internett etter tildelinga er offentleggjort. Berre for å avkrefte mytene: Det litterære rådet til NBU er ikkje mogleg å bestikke, verken med pengar, sprudlevatn eller amorøse tilnærmingar.

Det faktum at du sit i styret til NBU, eller nylig har sete i rådet har ingenting å seie for tildelinga, men det skal heller ikkje brukast mot deg. Då ville det i praksis vore umogleg å få folk til å sitje i slike verv. Og det irriterer meg at vi ubevisst har det i bakhovudet at nokon sit i styret, eller har vore i rådet når vi les søknadar. Det skal ikkje ha noko å seie, og dersom vi bryr oss om det vil det utelukkande gå ut over søkjaren. Berre fordi det kan sjå litt dumt ut frå utsida at vi gir pengar til "våre eigne". Det er din litterære produksjon, og kva du skriv i søknaden som bestemmer. Og sjølvsagt rådet sitt skjønn, som vi nyttar etter beste evne. Vi har habilitetsreglar å gå etter, og det skal vere direkte slektsskap involvert for å kalle seg inhabil.

Men tilbake til søkjarane som ikkje har søkt på alt. I år var det mange søknadar som gjorde oss i rådet ekstremt frustrerte. Eg nemner ikkje namn, sjølvsagt, det har eg ikkje lov til. Eg er sikker på mange veit kven dei er, og eg skriv dette med eit lite håp om at det endrar seg til neste år. Eg kjem til å rippe opp i dette då også, for dette kan ikkje seiast for ofte: SØK PÅ ALT! ABSOLUTT ALT!!

Her kan du sjå NBU sine stipend for 2016.

Og her kan du sjå Staten sine.