Bokmelding: "På rømmen i New York" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Denne gongen boka "På rømmen i New York" frå 2008.

 

Lettlest og morosam

"Kan du ikkje skrive ei litt tøysete og lettlest bok?" sa forlaget til Tor Arve Røssland ein dag i 2008. Det gjorde han, og boka "På rømmen i New York" blei til. Den handlar om syskena Aida og Figaro som er på ferie i New York. Eller "ferie" er vel feil ord. Foreldra deira er berømte operasongarar og har ikkje tid til å vere saman med dei. Barnepassaren Betty er meir oppteken av å sove framfor fjernsynet, og dei to ungane kjeder seg. Men Aida gir Figaro nok å henge fingrane i. Ho stikk av og rømmer gjennom heile byen.

Frå den eine turistattraksjonen til den andre raser ho avgarde, og Figaro klarer ikkje å ta henne igjen før ho kjem til fornøyelsesparken på Coney Island. 

Dette er først og fremst ei bok for 6-8 åringar som skal lese sjølv. Setningane er korte, orda er enkle, oppbygginga på sidene er open og luftig. Ei fin bok, men historien er jo litt i tynnaste laget. Det føles av og til som Røssland har meir å seie, men han får det ikkje til med eit så begrensa språk. Vonde tunger kunne til og med seie at denne boka skreiv han berre for pengane, eller slik at han kunne skrive av ein New York-tur på skatten. Men dette er heilt ubekrefta opplysningar.

Boka har uansett fått sin renessanse, Røssland har slått seg saman med Trio Vest, tre klassiske musikarar som har sett saman eit variert program. Røssland formidlar sjølvsagt boka strålande, med nokre små omskrivingar, og Trio Vest speler alt frå Frank Sinatra til Mozart. Denne framsyninga er det mange barn som har fått glede av å bli utsett for. Synd at boka er makulert frå forlaget, men mot min betre vilje har eg gått med på å skrive at Røssland har boka sjølv, i store mengder, om nokon vil bestille.

Illustrasjonane er det tusenkunstnar Henning Lystad som står for, ein ekstra prikk på terningen for han.