Bokmelding: "Pode" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Først ut er boka "Pode" frå 1999.

Tor Arve Røssland si første bok leikar med naturlovene, i ei herleg blanding av humor, mat og spenning.

Pode er ein seks år gamal gut som bur saman med mor og far, og syskena Petra og Pyton. Petra er ekstremt veslevaksen og har lese fleire bøker enn dei fleste vaksne, og Pyton er ein ufyseleg tolvåring. Mor er mest opptatt med å synge, og far elskar å eksperimentere på kjøkkenet. Ein dag då Pode er ute og leikar med bestevenen Anton dukkar det opp ein rar gul mann. Han går rett opp til huset til Pode og fortel far at heile familien må ete opp middagen sin for at det skal bli fint vêr dagen etterpå. Dei er alle sjølvsagt litt skeptiske til dette, men då den gule mannen går rake vegen til media, og journalistar dukkar opp på døra, byrjar Pode å bli litt uroleg. Far serverer kalkun i kakao, og dagen etter vaknar dei opp til nysnø. Midt på sommaren!

Uvêr og ekstrem tørke kjem annankvar dag, og forviklingane står i kø for vesle Pode. Det blir ikkje betre når både bonden og turistsjefen prøver å påverke han i kvar sin retning. Eit skikkeleg moralsk dilemma, med andre ord.

Premisset er sprøtt, og sjølvsagt heilt usannsynleg, men forfattaren klarer å få dette til å virke sant likevel. Han har sjølv sagt at dette er basert på noko han blei fortalt som barn, og at det kanskje er grunnen til at han er så glad i mat, den dag i dag. Matrettane som blir servert i boka høyrest kanskje uappetittelege ut, men også her kan forfattaren opplyse at kalkun i kakao faktisk er ein rett ein barndomsven blei servert av sin far.

Pode er ei velskriven debutbok, Røssland leikar seg med vaksenreferansar som krydrar leseopplevinga for ein eventuelt høgtlesande myndig person. Karakterane er overdrivne, som t.d den herlege tante Tine, som forfattaren har fortalt er basert på ein ekte person i hans familie. Men også dei nære slekningane som foreldre og besteforeldre er akkurat passeleg overdrivne, slik at vi trur på dei, og ler av dei, utan at det blir dratt for langt.

Språkmessig ligg Røssland på eit lettfatteleg og lettlest nynorsk, utan å falle for freistinga å bikke heilt over mot dei sidemålsnære klammeformene. Målgruppa er frå seks år og oppover, og illustrasjonane til Øyvind Torseter, som han faktisk vann Kulturdepartementets illustrasjonspris for, er heilt suverene! Ei bok du kjem til å lese om igjen og om igjen.