Bokmål eller nynorsk? Ja, takk.

Den neste boka mi G A M E R blir utgitt på bokmål. Eg veit at ein del nynorskbrukarar vil fnyse av dette. No har han prostituert seg, tenkjer dei sikkert. Var ikkje nynorsk godt nok for han? Sjølvsagt er det godt nok, og vel så det. Men som absolutt alle andre nynorskbrukarar i dette landet så har eg eit forhold til bokmål og. Det er ikkje muleg å bu i dette landet utan å ha det. Som barn las eg Donald Duck, Astrid Lindgren og Asterix på bokmål, vi las bokmål på kino, vi høyrte det på fjernsyn og vi til og med leika på bokmål. 

Enkelte ting er lettare å uttrykke på bokmål, andre ting flyt betre på nynorsk. Eg har alltid forsøkt å skrive eit dialektnært nynorsk, og klarer ikkje heilt å bruke ord som "røynd" og "løyndom." Det er fine ord, men eg klarer ikkje å forholde meg til dei.

Kvifor absolutt gi ut bok på bokmål? Mange grunnar til det. Eg har alltid skrive bokmål og nynorsk parallelt. Som student skreiv eg oppgåver på begge målføre, som filmanmeldar har eg skrive utelukkande på bokmål og som forfattar kjem eg no med ei bok på bokmål. 

Som forfattar reiser eg ein del rundt på skular, og blir av og til litt lei av å vere korsfarar for nynorsken, for ein møter mykje fordommar og motbør, både frå lærarar og elevar. Dei likar veldig godt når eg les, men blir ofte skuffa når dei finn ut at bøkene er på nynorsk. Kan du ikke oversette den til bokmål? er vanleg å høyre. Jo, det kan eg, men eg vil ikkje. Då skriv eg heller ei ny bok.

G A M E R blir heilt sikkert ikkje den siste boka eg skriv på bokmål, men eg har ingen planar om å slutte med nynorsk heller. No ser eg fram til å grave meg ned i grøssargenren igjen, med Svarte-Mathilda II og III. På nynorsk.